Sider

tirsdag 29. mai 2012

Inverness

Me har nå nådd Inverness. Her oppdaga Terje ein enorm brukbokhandel, så mesteparten av tida har blitt brukt der. Går snart vidare mot Longhope på Hoy. Ein etappe på om lag 100 nm.

søndag 27. mai 2012

The Caledonian Canal

Me har hatt eit par vindstille, men nydelege, sommardagar gjennom kanalen. Akkurat nå er me i Loch Ness og har fått omvisning på eitt av verdens minste bryggeri, The Loch Ness Brewery.

onsdag 23. mai 2012

Mull

Etter Skye har turen gått til Mull. Det har vore ganske vindstille, så Baluba har gått på motor denne etappen. Erlend greidde å mista nøkkelen til vanntanken over bord, så "nokon" må skaffa ny i morgon.

Ekskursjon på Skye

Ovesen måtte bli i båten, så resten av gjengen fant seg ein leigebil og utforska den nordlege delen av Skye. Gamle slott, gamle destilleri og gamle pubar stod på programmet.

mandag 21. mai 2012

Ankomst, Isle Of Skye

I nydeleg, men vindstille, sommarvêr har me segla frå Badachro til Portree. Nok ein gong må me nytta jolla til å ro oss i land. Me satsar på å få tak i leigebil i morgon og forhåpentlegvis vitja Talisker.

Badachro

Badachro viste seg til å vera ein svært hyggeleg liten plass, sjølv om dei ikkje har nokon plass å fortøya til land. Me måtte ty til gummiflåten (som Ovesen på ein eksperimentell måte greidde å montera og blåsa opp medan flåten var i vatnet). Me rodde inn til Badachro Inn, ein svært bra pub og (Michelin-anbefalt) restaurant med godt utval av Real Ale og ikkje minst single malts.

søndag 20. mai 2012

Kirkwall og Whitehall Village

Baluba og seiledyktig mannskap ved avreise Kirkwall (18.05) og Whitehall Village på Stronsay (19.05). Fint vær og til tider lite vind. Båten ankom Badachro på vestkysten av Skottland søndag ettermiddag etter 26 timers seilas fra Stronsay.